Redelegheit og fusk

Akademisk redelegheit er ei overordna norm som styrer kva som er forventa av mellom andre UiB sine studentar. Vi forventar at studentane stolar på eigne ferdigheiter, gjer sjølvstendige vurderingar og tar standpunkt. Samarbeid er sentralt på universitetet, men arbeida som skal leverast skal som regel vere sjølvstendige.

Det finst faglege og pedagogiske grunnar bak kravet om at ein (sjølv) må skrive som student. Skrivinga er ikkje berre ein måte å vise kva ein har lært, det er også ein måte å lære akademiske ferdigheiter. Studenten kan gjennom språket betre ta stilling til om eigen argumentasjon og eigne standpunkt held faglege mål.

Samstundes vil store delar av desse arbeida bygge på andre personar sitt arbeid – vurderingar, premiss, faktagrunnlag, konklusjonar, mv. Når du bygger på andre personar sitt arbeid må du vise kor det er henta frå. Det beste rådet er å ha eit bevisst forhold til bruk av arbeid du ikkje sjølv har produsert, og å referere på ein måte som er godkjent i fagmiljøet.

https://www.uib.no/sa/164162/redelegheit-og-fusk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *