Webinar om 2025-utlysinga 12. jun. kl. 10.00–11.30
MSCA Doctoral Networks (DN) er ei ettertrakta ordning som finansierer doktorgradsstipendiatar frå heile verda i europeiske forskarutdanningsnettverk. Nettverka, eller prosjekta, varar i fire til fem år, og kan finansiere 15 ph.d.-studentar i inntil tre år.
DN finn du i tre variantar: European Standard Networks, European Joint Doctorates (fellesgradar) og European Industrial Doctorates (nærings/offentleg-ph.d.).
MSCA DN er open for alle fagfelt og har ingen tematiske prioriteringar. Dette er med på å gjere dei svært ettertrakta, og difor er konkurransen hard. Av den grunn tilrår vi komande deltakarar/rettleiarar i Doctoral Networks om å delta i dette webinaret. Det gjer at du aukar sjansen for at nettopp ditt DN får finansiering.
Utlysinga for 2025 opnar 28. mai, og har søknadsfrist 25. november 2025.
https://www.forskningsradet.no/arrangementer/2025/msca-dn-webinar-2025-utlysinga/