Minneord: Gunnar Haukenes (1927-2021)

Ein nestor i norsk virologi, professor emeritus Gunnar Haukenes, er gått bort.

Gunnar Haukenes døde den 21. august 2021 etter kort sjukeleie i sitt 95. år. Han var fødd i Arendal i 1927 og viste seg tidleg som gåverik både intellektuelt og musikalsk med absolutt gehør. I unge år måtte han velgje mellom profesjonell karriere som pianist og legeutdanning. Det vart medisinen som vann, og han fullførte si medisinske utdanning ved Universitetet i Oslo i 1951.

Gunnar Haukenes forsvarte sin doktorgrad «Immunochemical studies on Polysaccharide A from Staphylococcus aureus” i 1962. Dette var blant dei tidlege doktorgradene ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen, og han følgde opp med fleire publikasjonar i dette bakteriologiske emnet dei neste åra. Han hadde også eit forskingsopphald ved University of Rochester, New York, frå 1963 – 64.

Gunnar Haukenes sin faglege identitet er først og fremst knytt til oppbygginga av virologisk forskning og diagnostikk i Bergen, først med studiar av immunresponsen mot influensavirus, seinare med forsking på røde hunder virus, meslingvirus og HIV. I 1963 flytta den mikrobiologiske og immunologiske forskinga frå Allégaten og inn i det nybygde MFH-bygget, i dag Armauer Hansens hus, på den medisinske campus i Bergen.

På MFH-bygget vart det frå 1966 oppretta eit eige Viruslaboratorium med Gunnar Haukenes som den første leiar, først som dosent ved Avdeling for mikrobiologi og immunologi og samtidig overlege i virologi ved Haukeland sjukehus. I dei kombinerte universitets- og sjukehusstillingane bygde Haukenes i dei neste åra opp både virologisk forsking og diagnostikk i Bergen. Hans dosentstilling vart i 1972 endra til personleg professorat.

Medisinstudentar minnest Haukenes som ein svært dyktig og grundig forelesar i virologi, og som ein engasjert og vennleg person som kunne svare på spørsmål i pausane.

Gunnar Haukenes hadde eit kolossalt kunnskapsregister i medisinsk mikrobiologi og vart konsultert av kollegaer både lokalt og nasjonalt og imponerte alltid med sine presise og kloke svar. I det norske og skandinaviske virologimiljøet var han ein autoritet og vart omtala som ein av skandinavias fremste virologar i si tid.

I heile sitt liv spelte han dagleg og dyktig på piano. Dei siste 7 åra, etter at kona døde, har Haukenes bodd ved Fantoft Omsorgssenter, der han dagleg og til det siste spelte piano for dei andre beboarane.

Gunnar Haukenes blir hugsa som ein sympatisk og dedikert forskar og forelesar med stor integritet og djup kunnskap som kom mange til nytte.

 

For kollegaer ved Universitetet i Bergen og Haukeland Universitetssjukehus,

Lars Haarr, Birgitta Åsjö, Karl-Henning Kalland, Elling Ulvestad

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *