Ukens ansatt – Karl-Henning Kalland

Kan du fortelle litt om arbeidet ditt? Kva er dei konkrete arbeidsoppgåvene dine?
Eg er tilsett i 100 % stilling som professor i medisinsk virologi ved Klinisk institutt 2. I tillegg er eg overlege i bistilling ved Mikrobiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. I denne siste stillinga har eg gjennom ei årrekke vore engasjert i innføring og bruk av nukleinsyrediagnostikk (t.d. PCR) for raskare og eksakt påvising av virusinfeksjonar hos pasientar. Det kliniske og laboratoriearbeidet kjem svært godt til nytte i virologiundervisninga for medisinstudentane.
Ved K2 er eg gruppeleiar for «Prostate Cancer Therapy Research Group». Denne gruppa har ein solid molekylærbiologisk bakgrunn og har forska på grunnleggande reguleringsmekanismar og signalmekanismar i kreftceller og virusinfiserte celler. I løpet av dei siste åra har innovasjon fått ei større rolle. Panel av kjemiske stoff er blitt screena for effekt på kreftceller, og vi har oppdaga nye kjemiske stoff og publisert kva for protein stoffa interagerar med i cella og verknadsmekanismar. Patentering pågår i samarbeid med VIS og med vidare utvikling i samarbeid med forskningsgrupper i Shanghai og firmaet Xennials Therapeutics i Chicago.
Eit spennande prosjekt er cryoimmunterapien, forkorta CryoIT. Dette er ei form for immunterapi som brukar pasientens eigne dendrittiske immunceller. Etter at deler av kreftvevet er drept ved ein fryseprosess med spesialutstyr inne i pasienten, blir immuncellene injiserte i det frysedrepte kreftvevet. Dei dendrittiske cellene har evne til å reagere på det som er forandra i kreftceller og kan deretter instruere heile immunsystemet til angrep på kreftcellene, også kreftceller som har spreidd seg i metastaser rundt i kroppen. Ei Fase I klinisk utprøving er nettopp gjennomført med CryoIT for pasientar med metastatisk prostatakreft. Resultata er svært nyttige for neste generasjons CryoIT med oppstart i 2021.
Forskingsgruppa har fått støtte frå Forskningsrådet sitt program NFR BEHANDLING og frå Kreftforeningen for robust produksjon av meir potente terapeutiske dendrittiske celler for neste generasjons CryoIT. Cellene vil bli produserte i det nye terapeutiske cellelaboratoriet i Helse Bergen bygg i Laboratoriebyggets etasje 1M. I dette arbeidet satsar vi på ein synergi mellom det farmakologiske screeningprosjektet og CryoIT.

Kva likar du å arbeide med på K2?
Det er forskinga som er den store utfordringa og det største engasjementet, elles ville eg nok ha gått i klinisk retning med pasientarbeid ved sjukehuset. Samarbeidet med dei andre i gruppa og kolleger og kliniske team er inspirerande. Det er også givande å få undervise og formidle til studentane og erfare dei mange unge talent som er i gang med si utdanning og sine mål. Eg opplever at det er eit godt miljø i Laboratoriebygget, men at potensialet for forsking og innovasjon er endå større enn det som har manifestert seg til no. Vi har ein kompakt medisinsk campus med svært godt utstyrte laboratorium. Det er sørgeleg at så mange kolleger manglar prosjektfinansiering. Spesielt den eksperimentelle forskinga er underfinansiert etter som driftsutgiftene er relativt høge. Eg er ytterst takksam for den store støtten som mi forskingsgruppe har mottatt frå private heidersmenn i Bergen. Den støtta har vore essensiell for at våre prosjekt no synast i god framdrift, at nye folk er under tilsetting, og at vi ser fram til spennande år der ny kreftbehandling er eit hovudmål.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *