K2 med artikkel i NEJM

Simon E. Nitter DankelSimon Dankel (bildet), Christine Haugen, Gunnar Mellgren og andre ved K2/Hormonlaboratoriet har delteke i ein studie som vart publisert i New England Journal of Medicine onsdag kveld.
Studien beskriv korleis ein vanleg genetisk fedme-variant i FTO-genområdet endrar energiforbruket direkte i feittceller, og kva genar og protein som er involvert i denne nye mekanismen. Med FTO-varianten som eksempel, presenterer studien nye omfattande strategiar for å utforske og forstå mekanismane rundt regulatoriske genetiske variantar i ikkje-kodande DNA, som gir håp om å finne ei rekke nye mål for persontilpassa behandling av vanlege sjukdomar i tiåra som kjem.

Foto: Jørgen Barth

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.