Invitasjon til skisser for tverrfaglige marine stipendiatstillinger

Universitetet i Bergen (UiB) skal lyse ut to stipendiatstillinger som eit ledd i UiB sin marine satsing. Vi ynskjer no innspel frå fagmiljøa til mogelege fagområda for stillingane. Stillingane skal ikkje vere knytt til Mat.Nat.-fakultetet, men Mat. Nat. kan inngå i tverrfakultært samarbeid.

Vi vil gjerne oppfordre til samarbeidsprosjekt der fagmiljø ved to fakultet går saman om forslaget.

Vi tek imot korte skisser (ca ei halv side) til kva forsking desse stpendiatstillingane kan tenkjas å inngå i. Det må også beskrivast kven som kan rettleie studentane og i kva grad stipendiatane kan knytast til eksisterande forskningsmiljø og prosjekt.

Det vil vere ei standard internasjonal utlysning.

Forslag kan sendast til marin direktør Amund Måge

Vi håper på spennande innspel på om lag ei halv side for å beskrive tematikken. Skissen vert diskutert i Marint utval. Vi må ha skissene inne til 5. mai og ser for oss oppstart av stipendiatane i januar 2019.

Mvh

Jarl Giske
Marin dekan

Amund Måge
Marin direktør

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.