Søk midlar – Over 70 millionar til internasjonalt utdanningssamarbeid

SIU minner om at vi lyser ut midlar i fire program for samarbeid i høgare utdanning med Nord-Amerika, Nordområda, Russland og Eurasia. 

Eurasia-, Nord-Amerika-, Nordområde- og nordisk-russisk samarbeidsprogramma støttar utdanningssamarbeid som er fagleg forankra ved institusjonane. Ein kan mellom anna få støtte til å utveksle studentar og forskarar, utvikle felles kurs og studieprogram og halde seminar, workshops og liknande.

Alle programma støttar aktivitetar som knyter utdanning tettare opp mot arbeidslivet, t.d. gjennom praksismobilitet. I Nord-Amerikaprogrammet er det eit krav at prosjekta har ein partnar frå offentleg eller privat verksemd.

Meir informasjon om kvart program finn de her:

Nordområdeprogrammet
Nordområdeprogrammetstøttar utdanningsprosjekt mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og Canada, Japan, Kina, Russland, Sør-Korea og USA. Institusjonane kan søke om opp til 1,5 millionar kroner til langsiktige, treårige prosjekt, og opp til 300.000 kroner til avgrensa prosjekt som varar i to år. Den totale ramma for utlysinga er 22 millionar kroner. Utlysinga støttar prosjekt som bidreg til meir kunnskap om nordområda.

Søknadsfrist er 23. september 2015, kl. 15.00 norsk tid.
Les meir om utlysninga i Nordområdeprogrammet.

Prosjektmidlar til samarbeid med Nord-Amerika
Norske høgare utdanningsinstitusjonar kan søke om støtte til utdanningssamarbeid med institusjonar i USA og Canada. Utlysinga prioriterer søknader som koplar utdanning og arbeids-/næringsliv på ein god måte. Det kan søkast om opptil 200 000 kroner til prosjekt som varar i 18 månader. Den totale ramma for utlysinga er 2,4 millionar kroner.

Søknadsfrist er 23. september 2015, kl. 15.00 norsk tid.
Les meir om utlysninga om prosjektmidlar til samarbeid med Nord-Amerika.

Det nordisk-russiske samarbeidsprogrammet
Norske høgare utdanningsinstitusjonar som ønsker å etablere eller utvikle eit nettverkssamarbeid med høgare utdanningsinstitusjonar i andre nordiske land og Russland kan søke støtte gjennom det nordisk-russiske samarbeidsprogrammet. Det kan søkast om støtte på inntil 50 000 euro for nordisk deltaking i eittårige prosjekt. Den totale ramma for utlysinga er 445 000 euro.

Søknadsfrist er 23. september 2015, kl. 15.00 norsk tid.
Les meir om utlysninga i det nordisk-russiske samarbeidsprogrammet.

Eurasiaprogrammet
Eurasiaprogrammet støttar utdanningsprosjekt mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og i Ukraina, Moldova, Georgia, Armenia, Aserbajdsjan, Kasakhstan, Kirgisistan, Kviterussland og Tadsjikistan. Utanriksdepartementet og SIU underteikna i juni ein avtale om ny programperiode for Eurasia-programmet for 2015–2020. Det er planlagt fleire utlysingar i denne perioden – den første er allerede publisert. Denne utlysinga gjeld fleirårige prosjekt frå 2016 – 2019 og har ei ramme på 45 millionar kroner.

Søknadsfrist er 26. oktober 2015, kl. 15.00 norsk tid. Søknadsfrist for såkornmidlar er 1. september 2015.
Les meir om utlysninga i Eurasia-programmet.
Les nyhendesak om ny avtale og utlysning for Eurasia-programmet.

Om SIU
Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) er eit forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (KD), lokalisert i Bergen.
SIU er eit kompetansesenter som skal fremme internasjonalisering, kulturell kommunikasjon og internasjonal mobilitet i utdanningsløpet, samt samordne tiltak på nasjonalt nivå i samsvar med offisielle retningsliner for politikken på feltet. Senteret er Noregs kontor for internasjonale program og tiltak for fleire offentlege oppdragsgjevarar, samt program mot grunnopplæringa. SIU har og ansvar for å profilere Noreg som utdanningsnasjon og arbeidsland for forskarar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.