Søk Helse Vests forskingsmidlar for 2023

Forskingsmidlane i Helse Vest skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. Fristen for å søkje midlane er 15. september 2022 kl. 23:59.

Forskingsmidlane skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å få meir forsking av god kvalitet, og for å byggje forskingskompetanse gjennom tildeling av doktorgrads- og postdoktorstipend.

  • Det blir oppmoda til regionalt samarbeid om prosjekt for å utnytte kompetanse og ressursar på ein god måte, og samtidig skape robuste, regionale nettverk.
  • Forskinga skal spegle Regjeringas handlingsplan for kliniske studier. Søknadskategoriane klinisk forskingsstipend og klinisk karrierestipend er retta mot denne handlingplanen.
  • Samarbeidsorganet mellom Helse Vest og universitet og høgskulen i regionen  ønskjer auka fokus på brukarmedverknad i forskinga. Søknadar kan bli lagde til side dersom det ikkje er gjort greie for brukarmedverknad i prosjektet.

Les alt om utlysinga og gjeldande retningslinjer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *