Vellukka kompetansehevingsdagar for K2-teknikarane

Teknikere på seminar5.-6. september vart det arrangert kompetansehevingsdagar for teknikarane ved K2. Som fylgje av at K2 vart eit nytt institutt i 2013, gjennomgjekk teknikargruppa ei omorganisering, og på bakgrunn av dette vart det søkt om omstillingsmidlar frå Det medisinsk-odontologiske fakultet. Teknikarane vart tildelt 100.000 kroner, og det var ynskjeleg å nytta desse midlane til å arrangere eit seminar av både fagleg og sosial karakter.

Nydeleg haustvér og naturskjønne omgjevnader på Panorama Konferansehotell på Sotra skapte perfekte rammer for programmet vårt. Spanande foredrag med inviterte gjesteforelesarar, og ikkje minst utfordrande teambuildingsoppgåver servert av Sotra Villmarksenter laga god stemning og auka samhaldet blant teknikarane.

Komitéen takkar alle som var med og gjorde dette til eit vellukka arrangement!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *