Flott avslutning på gamal studieplan i indremedisin

Forrige studieplan i indremedisin vart konstruert av tidligare dekanus, no professor emeritus Per Omvik omkring tusenårsskiftet. Det har vore ein svært vellukka plan med mykje pasientretta undervisning. I alle terminrapportar har studentane lovprist pasientklinikkar og kliniske demonstrasjonar, mens ordinære forelesingar har vore mindre attraktive.

Utplassering ved samarbeidande sjukehus i Førde, Haugesund og Stavanger og ved Haraldsplass Diakonale sykehus har vore svært populært.

Stud med Kristina Fyllingen har fått eit barn og hadde derfor rett på utsett eksamen. Såleis har ho no sett punktum for den gamle studieplanen. Det vart ein strålande avslutning. Kristina fekk A både i skriftleg og praktisk eksamen, og har imponert oss som har organisert eksamen og deleksaminatorane (kardiologi, gastroenterologi, hematologi, lungemedisin, endokrinologi, nefrologi, infeksjonssjukdomar, revmatologi, geriatri, onkologi) og spesielt sensor Johan Fredrik Kayser. No gler Kristina seg til å bruka kunnskapen sin som turnuslege på Stokmarknes sjukehus. Lukke til Kristina!

Kayser har vore sensor i indremedisin i 29 år og fortset som sensor i ny studieplan. Hans lange erfaring har vore til stor hjelp for god og likeverdig vurdering av eksamenskandidatane. Tusen takk!

Seniorkonsulent Janicke Bjørke har hatt ei stø hand i organisering av undervisning og eksamen frå 1996. Ho har gjort ein fantastisk jobb både for studentane og for oss undervisarar. Tusen takk!

Tusen takk også til alle langt over 100 undervisarar, eksaminatorar, sensor Rajendiran Kada og anna helsepersonell ved sjukehusa som gjennom eit par 10-år har levert svært relevant og god undervisning til over 3000 nye legar.

Tusen takk for at eg har fått jobba tett med alle desse flotte ungdomane og med Janicke!

Alfred Halstensen
Professor emeritus
Emneansvarleg i indremedisin (gamal studieplan)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *