Fellesutlysing av stipendiat- og postdoktorstillingar | 16. februar

Fellesutlysinga av stipendiat- og postdoktorstillingar ved fakultetet i vår vil koma på nettet og i fellesannonse i BT fredag 16. februar med søknadsfrist 11. mars 2018. Det vert lyst ut ti opne stipendiatstillingar og fire postdoktorstillingar. Nytt ved denne utlysinga av stipendiatstillingar er at rettleiarar ved fakultetet må ha gjennomført fakultetet sitt nettbaserte kurs for rettleiarar før søknad på stilling vert sendt. Dei som vil ta dette kurset, må ta kontakt med sitt institutt for å få tilgang.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.