Forskingsmidlane i Helse Vest skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. Fristen for å søkje midlane er 15. september 2022 kl. 23:59.
Forskingsmidlane skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å få meir forsking av god kvalitet, og for å byggje forskingskompetanse gjennom tildeling av doktorgrads- og postdoktorstipend.
- Det blir oppmoda til regionalt samarbeid om prosjekt for å utnytte kompetanse og ressursar på ein god måte, og samtidig skape robuste, regionale nettverk.
- Forskinga skal spegle Regjeringas handlingsplan for kliniske studier. Søknadskategoriane klinisk forskingsstipend og klinisk karrierestipend er retta mot denne handlingplanen.
- Samarbeidsorganet mellom Helse Vest og universitet og høgskulen i regionen ønskjer auka fokus på brukarmedverknad i forskinga. Søknadar kan bli lagde til side dersom det ikkje er gjort greie for brukarmedverknad i prosjektet.