Anette S. B. Wolff
(Professor ved K2 (bistilling) og KG Jebsen senter for autoimmune sykdommer, UiB og forskar, Haukeland universitetssjukehus (hovudstilling))
Kva jobbar eg med?
Eg er utdanna molekylærbiolog med dr.grad frå 2005 og har hatt mange roller i forskingsgruppe G1 (Endokrin medisin) opp gjennom åra. Eg likar meg best «på labben» men diverre så har eg ikkje så mykje tid lengre til det. Eg prøvar likevel å utføre laboppgåver sjølv som td. har med introdusering og optimalisering av metoder å gjere, og eg prøvar å vere litt på laboratoriet kvar veke. Det meste av tida går til rettleiing for master-, PhD-studentar, og post.docs, og til å koordinere og diskutere kommande og pågåande prosjekt og resultat med mine interne kollegaer og eksterne samarbeidspartar. Sjølvsagt skal det også skrivast søknadar, artiklar, rapportar etc. Det blir ein del zoom-møter, både i og utanfor corona-tid.
Forskinga mi «i eit stort perspektiv» fokuserer seg på å finne årsaksmekanismar til endokrin autoimmunitet, og vi ser meir og meir på korleis vi kan nytte den kunnskapen til å betre terapi for slike sjukdommar. Meir detaljert så leiar eg no to prosjekt, der det eine har som mål å identifisere monogene autoimmune sjukdommar ved å genomsekvensere familiar med opphopning av slike tilstandar, og det andre skal «single cell» analysere regulatoriske T celler hos pasientar med autoimmune sjukdommar for å finne ut korleis vi kan bruke slike celler som mål eller verktøy for terapi. I begge prosjekta blir det krevd samarbeid mellom ulike profesjonar for å komme i mål; legar til å rekruttere pasientar, molekylærbiologar til å utføre laboratorieforsøk, og bioinformatikarar og genetikarar til å hjelpe til å få ut resultat ut av «big data» forsøka. Etter det må igjen samarbeid med biologane til for å få «meining ut av resultata». Dette er krevjande, men kjempe-spennande, prosessar! Eg lærer nye ting kvar dag!
Teknikkar vi utfører sjølv i vår lab er standard molekylærbiologi og immunologi som celledyrking, PCR, real-time-PCR, ELISA, diverse immunassays etc. Vi samarbeidar med kjernefasilitetane på UiB for flow cytometry, Cytof og RNA sekvensering, og med eksterne partar for td. genomsekvensering og «genome wide association» (GWAS) forsøk.
Kvifor likar eg å jobbe på K2?
Eg kjenner ofte at eg er super-heldig som få jobbe med noko eg synst er spennande, og som utfordrar meg kvar dag. K2 er eit institutt som, både fysisk og fagmessig, ligg tett inntil Haukeland universitetssjukehus. Genar og immunsystemet har fasinert meg heilt sidan eg «visste at dei fanst», og det å få lov til å sette seg inn i dette, og ha moglegheit til det fordi vi er så tett linka med medisinsk avdeling, er kjempe-gøy. Vi har mange ulike kompetansar i forskingsgruppa, og samarbeid internt er viktig både sosialt og fagleg. Legane i gruppa jobbar ofte også klinisk samtidig. Det gjer at vi kan finne nye problemstillingar saman med dei, som vi kan prøve å løyse på laboratoriet, og vegen er deretter kort til pasientane igjen. From bed-to bench-and back again. Det at vi har eit register og biobank som vi samarbeidar med sjukehuset om, er og ein fantastisk ressurs.
K2 og lab-blokken har veldig fine laboratoriefasilitetar, og vegen er kort til mine interne samarbeidspartar i andre forskingsgrupper (særleg medisinsk genetikk) og kjernefasilitetane. Kjernefasilitetane er verkeleg noko vi bør satse vidare på slik at det ikkje sit ein forskar i kvart hjørne med kvar sin maskin og som brukar tid på å lære seg dei same avanserte teknikkane.
Å jobbe på K2 gir meg og moglegheit til å vere rettleiar på ulike nivå, noko eg likar kjempe-godt. Det utfordrar meg, og gjer at eg finn ut ting eg ikkje kan, som eg må sette meg inn i. Det er det som fører til utvikling.
Så derfor likar eg å jobbe her!