Eg er spesialist i medisinsk biokjemi og arbeider i hovudstilling som overlege ved Hormonlaboratoriet ved Avdeling for medisinsk biokjemi og Farmakologi og i bistilling som førsteamanuensis ved K2. Dette er ein god kombinasjon, då det stadig kjem opp interessante problemstillingar i overlegejobben som eg kan vidareutvikle innan forskinga. Dei siste åra har hovudfokuset mitt vore på hjertemarkørar spesielt mtp. korleis vi betre kan bruke desse for rask, men samtidig sikker, diagnostikk av akutt koronar syndrom. Saman med gode kollegare har eg ansvaret for å gjennomføre to større kliniske studier som undersøker dette, desse er finansiert av Helse-Bergen, Samarbeidsorganet i Helse-Vest og Trond Mohn Stiftelse. Eg arbeider også med prognostisk verdi av hjertemarkørar. I tillegg arbeider eg med å bestemme biologisk variasjon av biomarkørar i ulike nasjonale og internasjonale samarbeidsprosjekt.
Eit døme på synergieffekten i kombinert stilling er at mykje av arbeidet på laboratoriet handlar om å sikre god kvalitet. Problemstillingane må ofte undersøkast ved større eller mindre forsøk og vi prøver å legge ting opp så systematisk at vi kan publisere resultata etterpå. Vi kan og hente anonymiserte laboratoriedata frå Haukeland universitetssjukehus, t.d. for å undersøker effekten analysekvalitet har på pasientbehandling.
I tillegg til forsking bidreg eg i studentundervisninga for medisinsk biokjemi og er rettleiar for fleire PhD studentar og ein forskarlinjestudent.
Kva liker du å jobbe med på k2?
Eg likar veldig godt å jobbe på K2 fordi eg gjennom forskinga får stor muligheit til å utvikle meg faglig. Eg opplever at eg heile tida lærer noko nytt og har noko å strekke meg etter, det gir meg energi. Forskinga gir meg også muligheit for å treffe kollegaer på ulike stadier i karrieren, frå studentar til professorar, og ved mange ulike institusjonar. Det å samarbeide på tvers er veldig lærerikt. Arbeidet på K2 gjer også at eg får tilgang til kurs innan t.d. pedagogikk og rettleiing, noko som er utviklande også ut over det reint faglige. Gjennom undervisning treffer eg flinke og nysgjerrige studentar, og det er kjekt å kunne bidra til at dei får kunnskap om laboratorieanalysar og laboratorielivet. Det er veldig gjevande å jobbe med rettleiing og sjå kollegaer vokse og utvikle akademisk sjølvstendigheit.
Det er hyggelig å jobbe på K2, eg opplever kollegaene både i vitskapelege og administrative stillingar som kunnskapsrike, hjelpsame og dedikerte, det gjer at det alltid er kjekt å gå på jobb.