Aksel har flytta frå oss

Obituary Aksel Harald Schreiner                                                                                              (This text is in norwegian only)

Vår alles kjære kollega og ven Aksel Harald Schreiner døydde fredeleg torsdag 6. november etter kort tids sjukdomsleie. Aksel vart 81 år. Eg vitja han dagen før, og han og Astrid bad meg helsa alle gode vener og kollega. Den dagen minnast vi over 40 gode år saman – frå Harrison og Schlesinger i propedeutikken (1972), til gode år på Medisin B, i Sentralblokka, i Tanzania, og 30 år saman i Radio Medico Norge, inkludert siste strålande «takk for maten» tale 27. august i år under ein internasjonal sjøfartsmedisinsk konferanse i Bergen. Aksel har hatt eit rikt og kreativt arbeidsliv og vist stor arbeidsglede. Dei siste 8 åra kom han tilbake til loftet på Medisin B der han har vore ein viktig pioner i Norsk Senter for Maritim Medisin. Han har vore dagleg på jobb til i haust, og siste prosjektet hans var å laga små videosnuttar for undervisningsformål. Me har mange gode minner etter Aksel. Det same har mange pasientar og tidligare studentar.

Minnerike helsingar,

Alfred

Leave a Reply

Your email address will not be published.