Helse Vests årlege forskingskonferanse blir arrangert torsdag 29. og fredag 30. oktober 2015 i Stavanger (Sola Strand Hotel). Arrangør er Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest, Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger. Målgruppe for konferansen er som før m.a. styremedlemmar, leiarar og forskarar. Invitasjonen til konferansen er lagt ut på nettsida til Helse Vest.
Som i tidlegare år vil ein del av plassane på konferansen bli tildelt dei deltakande institusjonane. Dei som ønskjer å delta må ta kontakt med kontaktperson ved eigen institusjon. Namn på kontaktpersonane er oppgitt i invitasjonen til konferansen. Disse koordinerer påmeldingar ved den enkelte institusjonen fram til 31. august. Frå 31. august vil alle, i den grad det er plass, kunne melde seg på direkte til vår konferansearrangør via ei lenke som blir tilgjengelig på Helse Vests nettside.