Interessert i innovasjon? Få opptil 500 000 kroner og hjelp til å utvikle din idé

 

 

 

Gode idear oppstår overalt på Universitetet i Bergen, og med UiB idé kan studentar og forskarar teste ut og utvikle innovasjonsideane sine. Studentar kan få opptil 100 000 kroner i støtte, og forskarar 500 000 kroner. Du får òg råd frå profesjonelle rådgivarar. Søknadsfristen er 15. mars. Les meir om programmet på uib.no/ide, og bli med på informasjonswebinar 7. februar. Studentar kan òg melde seg på UiB idé vors 14. februar. I år er det i tillegg muleg å søkje om opptil 25 000 kroner gjennom UiB tidleg idé, og her kan ein søkje heile året.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *