Kjære kollega!
Den 20.oktober arrangerer vi på Kvinneklinikken forskingsdag saman med Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen.
Fødselshjelp og kvinnesjukdommar engasjerer bredt og vi ønskjer å fortelje alle interesserte kva vi forskar på, kvifor, kva resultata seier og korleis vi kan bruke ny kunnskap.
Du er invitert og kan delta enten med presentasjon av eigne prosjekt eller som publikum.
Arrangementet finn stad i Bikuben og vil fortsetje med prisutdeling og debatt i Litteraturhuset om kvelden.
Bruk linken under til å melde deg på innan 22.09.2021. Detaljert program kjem!
Påmelding til Kvinneklinikkens aller første forskningsdag! (uib.no)
Fantastisk! Dette gleder vi oss til!