Kva arbeidar du som?
Eg er ein førsteamanuensis ved Senteret for diabetesforsking ved K2. Forskinga mi er retta mot korleis eigenskapane til celledød styrer strategitypen for regenerering som blir brukt av biologiske system. Ved å kombinera klassiske og nyleg genererte musemodellar for celletap med genetisk cellesporing, tidsbestemt betinga genutrykking og omics-analysar (transkriptomikk, proteomikk, scRNAseq), studerer eg det dynamiske molekylære fingeravtrykket for pankreas øycellene sitt forfall og regenerering med fokus på sjølvfornying og global regulering av prosessane som vedlikeheld celleidentitet. Utanom framgangsmåten som bruker in vivo modeller, har eg brukt pasientspesifikke induserte pluripotente stamceller (hiPSC) som sjukdomsmodell kombinert med storskala avbilding og omics for å studera korleis øycellene tileignar og vedlikeheld si celleskjebne. Me utviklar også eit 3D cellekultursystem for å undersøkja påverknaden til mekaniske krefter og adhesjon på kontroll av signalvegar for pankreas forløparceller sitt differensieringspotensiale. Vårt mål er å auka kunnskapen knytt til pankreas øycelle-biologi for å skapa betre behandling for diabetes, eller førebyggande tiltak i framtida. Mitt personlege mål er å indusera, i alle fall i noko grad, endogen regenerering hjå pankreas øycellene, noko som er observert i dyr som er kjent for stort potentisale til å regenerere (nesledyr, salamander, eller fisk). Karrieren mi byrja med å arbeid med slike suksessfulle modellar for regenerering, og gjennom mitt PhD arbeid ved Universitetet i Genève, viste me at apoptotiske celler danna ved skade var ei kjelde til signal for regenerering. Gjennom mitt postdoktor arbeid (Universitetet i Genève), byrja eg å arbeida med regenerering hjå pankreas øycelle og viste at pattedyr pankreas også har, i veldig liten grad, ein naturleg evne til regenerering. Ei betre forståing av korleis øycellene blir forma under utvikling vil også styrka framtidige strategiar for regenerering.
Kva likar du ved å arbeida ved K2?
Eg byrja å arbeid her for fem år sidan, noko som gav meg ein mogelegheit for å bli kjent med metodar og behov i klinisk forsking. Eg er ein del av ein veldig mangfaldig og tverrfagleg forskingsgruppa, der me integrerer genomikk, molekyl- og cellebiologi, bioinformatikk og klinisk forsking. Me studerer alle diabetes, men med ulike vinklingar på sjukdommen frå molekylære mekanismar til kliniske aspektar med sjukdommen. Eg likar utfordringane med å læra korleis ein kan effektivt kommunisera med forskarar med ulike bakgrunnar, og få erfara diabetesforsking frå så mange ulike vinklingar. Ved å vera så nær klinikkar ved K2 har endra synet mitt på eiga forsking, særleg når det kjem til motivasjon og innverknad.