Helse Vest RHF deler årleg ut to prisar: Ein forskingspris og ein innovasjonspris. Prisane blir delte ut på den årlege Forskningskonferansen om hausten. Prisene deles ut på den årlige forskningskonferansen til høsten, og vi oppfordrer de ulike forskningsmiljøene i K2 til å søke.
Helse Vests forskingspris
Prisen gis til forskar, forskingsmiljø eller ung forskar (under 40 år) som gjennom sin forsking har medverka til å styrke eit forskingsfelt eller eit forskingsbasert helsetenestetilbod. Forskinga skal være av ein karakter og standard av betyding for forskingsnivået og/eller tenestetilbodet i regionen. Det kan foreslåast kandidat (forskar, forskingsmiljø eller ung forskar) som har medverka til utvikling av anten eit a) forskingsområde, b) forskingssamarbeid-/miljø eller c) som gjennom forskinga si har betra klinisk praksis i Helse Vest.
Det er utarbeidd et eige skjema som skal fyllast ut av forslagsstillar: Forslagsskjema 2020- forskingspris og innovasjonspris
Helse Vests årlege forskingspris består av kr. 200 000 og eit kunstverk. Prisbeløpet skal nyttast til vidare forsking.
Helse Vests innovasjonspris
Innovasjonsprisen tildelast ein eller fleire personar som gjennom sitt arbeid har bidrege til utvikling av ein ny eller forbetra vare, teneste, produksjonsprosess eller organisasjonsform som utgjer eit konsept som kan brukast på nytt i helsesektoren. Prisen kan gis både med utgangspunkt i forskingsdrevet og behovsdrevet innovasjon. Utviklinga skal være synleggjort gjennom at ide/innovasjonsprosjekt enten er innrapportert og/eller vidareutvikles saman med regionskontoret til Innovasjon Norge, InnoMed, Norges forskningsråd eller eit av regionens to Technology Transfer Offices (TTO). Samtidig vil også interne prosjekt som ikkje er synleggjort gjennom dei nemnte aktørane kunne komme i betraktning. I slike tilfelle vil det være av betyding at produktet, prosessen eller tenestene er tatt i bruk og det kan vises til nytten innovasjonen har hatt for sjukehuset.
Det er utarbeidd et eige skjema som skal fyllast ut av forslagsstillar: Forslagsskjema 2020- forskingspris og innovasjonspris
Innovasjonsprisen består av kr. 100 000 og eit kunstverk. Prisbeløpet skal nyttast til vidare innovasjonsarbeid.
Vilkår for begge prisane
Kandidaten må:
- anten vere tilsett i eit av føretaka i Helse Vest/evt. i ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest,
- eller ha mottatt forskingsmidlar frå Regionalt samarbeidsorgan i Helse Vest
Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon tildeler prisane. Disse blir delt ut av styreleiar i Helse Vest i samband med den årlege forskingskonferansen arrangert av samarbeidsorganet.
Fristen for å fremje kandidatar er innan 14. september 2020. Forskingskonferansen 2020 blir avlyst grunna Covid-19-pandemien og prisane blir derfor i år delte ut i samband med styremøtet i Helse Vest 4. november.
Ønskjer du å fremje forslag må du fylle ut forslagsskjema: Forslagsskjema 2020- forskingspris og innovasjonspris
Skjemaet sender du på e-post til: forskning@helse-vest.no
Merk e-posten «Forskingsprisen/Innovasjonsprisen 2020″.
Det regionale samarbeidsorganet for forsking og innovasjon har oppnemnt to komitear – éin for kvar av dei to prisane – som skal vurdere forslaga. Forslaga vil bli behandla konfidensielt.