Kan du fortelja litt om deg sjølv og arbeidsoppgåvene dine?
Eg har vore tilsett her som professor i farmakologi i snart fem år. Før det var eg forskar i gruppa til Stein Ove Døskeland, der eg også tok doktorgrad i cellebiologi. Arbeidet mitt er todelt, undervising og forsking. Eg har ansvaret for farmakologiundervisninga for farmasøytar. Det er eit utfordrande tema å undervisa i, for det kjem stadig nye legemiddel som ein må få med. Samstundes er det svært lærerikt, og ein får nytte av fleire fagdisiplinar, som fysiologi, patofysiologi, cellebiologi, biokjemi, legemiddelkjemi, for å nevna nokre. Heldigvis har eg dyktige medarbeidarar som hjelper meg med å dra lasset. Målet vårt er å stadig forbetra undervisninga, slik at farmasøytane får eit godt grunnlag for praktisk bruka av farmakologi når dei skal ut i arbeid.
Forsking tar sjølvsagt mykje tid, og er ein livsstil og ein hobby (lystbetont aktivitet som ein gjer på fritida utan å få betalt) like mykje som arbeid. I løpet av tida her har eg bygd opp forskingsaktiviteten rundt utvikling av nye behandlingsformer for kreft, med fokus på nye molekyl, og nanomedisin. Me har også sett opp system der me nyttar sebrafisk-larver for å finna både toksisitet og effektivitet av nye molekyl og nanopartiklar. Med meg i forskinga har eg ei lita gruppe med PhD-studentar, masterstudentar og forskarar, som tar seg av mesteparten av det praktiske arbeidet. Sjølv trør eg til når det trengs, men mesteparten av tida er eg nok på kontoret.
Eg er så heldig å få vera med på fleire samarbeidsprosjekt som arbeider med legemiddelutvikling. Det er svært inspirerande å møta dyktige forskarar innan andre fagfelt, som kan utfylla mine kunnskapshol.
Kvifor likar du å jobba på K2?
Eg søkte meg til K2 av di eg såg at det var eit variert forskingsmiljø, og kompetanse som gjorde at eg kunne utvikla meg som forskar. Sjølv om det på mange måtar er likt Institutt for Biomedisin, der eg kom frå, er nærleiken til klinikken ein stor fordel på K2. Eg har fått høve til å samarbeida med klinikarar, som gjer at forskinga mi brått kjem mykje nærmare pasienten. Det er også mange trivelege folk ved K2, og mange som hjalp meg i gang rett etter eg byrja her. Utan den hjelpa, hadde det vore mykje tyngre for meg å komma i gang med forskinga mi. Vidare trivst eg med varierte arbeidsoppgåver, og friheit til å følgja mine eigne forskingsinteressar. Eg vil også legga til at undervisning faktisk er ganske kjekt, så lenge ein får nok tid til å førebu seg. Alt i alt er K2 ein fin stad å vera.