Velkommen til gratis visning av Gullugle-vinnaren på Bergen kino 8. november

Kvart år deler Universitetet i Bergen (UiB) og Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) ut Gulluglen, ein pris til den beste forskingsdokumentaren under BIFF.

Vinnaren i år er «Monster in the Mind», ein film som utforskar kva som skjuler seg bak den frykta sjukdommen Alzheimers.

BIFF viser filmen for UiB-tilsette og studentar, tysdag 8. november kl. 17.30, i MB3, Magnus Barfot kinosenter, Magnus Barfots gate 12.

Alle UiB-tilsette og studentar kan hente ut inntil to gratisbillettar kvar, enten i Magnus Barfot eller Konsertpaleet, frå onsdag 26. oktober. Vis ditt tilsettkort eller studentbevis. Det er 220 plassar, så her blir det først til mølla.

I si grunngjeving seier juryen mellom anna følgjande om vinnaren: “This year’s winner of the Golden Owl Prize is a wonderful example of how science can enlighten questions of individual and societal concern. With engagement, curiosity, and personal investment, the audience is guided through the film’s multiple perspectives and facts, without losing momentum.”

Les meir om filmen og sjå trailer her: http://www.monsterinthemind.com/trailer/

Les meir på uib.no: http://www.uib.no/aktuelt/100863/alzheimers-film-vann-gulluglen-2016

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *