Nye retningslinjer for budsjettpost for open publisering ved UiB

Universitetsstyret har vedtatt nye retningslinjer for budsjettposten for støtte til open publisering som trer i kraft 1. Oktober 2016. Dei viktigaste endringane er:

Full støtte vert berre gjeve til artiklar i Open Access-tidsskrift og open publisering av bøker. Tidsskrift må vere registrert i Directory of Open Access Journals for å kvalifisere til full støtte.

Korresponderande forfattar til Open Access-artiklar i abonnementstidsskrift på nivå 2, kan søkje om refusjon av 50% av forfattarbetalinga (APC). Søknaden må sendast før publisering,  og refusjon vert utbetalt basert på dokumenterte utlegg til forfattarbetaling.

Open publisering av artiklar i abonnementstidsskrift på nivå 1 vert ikkje lenger støtta.

Søknadar vert innvilga basert på våre fullstendige retningslinjer:

Eit nytt søknadsskjema vert tilgjengeleg frå 1. oktober. Stønad kan berre garanterast når søknad er sendt inn og innvilga før publisering.

Om du har spørsmål, ver venleg å kontakte bora@uib.no

Styresaka kan lesast her

  1. oktober arrangerer Universitetsbiblioteket eit seminar om open tilgang til forsking. Her vil det mellom anna vere ei orientering om dei nye retningslinjene:

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *