Søk Erasmus+ tilsettmobilitet – nye frister og viktig informasjon

Søk Erasmus+ tilsettmobilitet

Tilsette ved UiB kan søke om Erasmus+‑stipend for korte opplæringsopphald ved universitet, bedrifter eller organisasjonar i Europa. Opphaldet skal gi fagleg påfyll, nye idear og deling av god praksis.

Døme på aktivitetar: jobbskygging, workshop, seminar med aktiv deltaking eller staff training weeks. Reine fagkonferansar blir ikkje godkjent.

Praktisk informasjon:

  • Opphald: minst 2 dagar, vanleg støtte for inntil 5 arbeidsdagar
  • Søknad: godkjennast av leiar og sendast i Elements (saksnr. 2025/14971)
  • Mobility Agreement må vere signert før avreise
  • Maks to frå UiB kan få støtte til same aktivitet
  • Du kan ikkje få støtte dersom du fekk Erasmus‑stipend hausten 2023 eller seinare

Søknadsfristar: 15. september og 1. februar

Stipendet består av dagssats + reisesats etter avstand. Det finst eigne satsar for grøn reise.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *