Forskningsrådet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og NTNU har gleda av å invitere til Panoramaseminaret 2025 som finn stad 11. og 12. juni i Trondheim.
Tidspunkt: 11. juni 2025 kl. 12.00- 12. juni 2025 kl. 13.00
Stad: Trondheim • Fysisk
Panoramaseminaret tek for seg moglegheiter og utfordringar i akademisk samarbeid med prioriterte land utanfor EU og EØS: Canada, Brasil, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA. Seminaret blir ein viktig møteplass for norske fagmiljø og institusjonar som samarbeidar med desse landa innan utdanning, forsking og næringsliv.
Den overordna tematikken for Panoramaseminaret 2025 er korleis internasjonalt kunnskapssamarbeid kan bidra til å løyse dei store kompetansebehova vi står overfor.
https://hkdir.no/arrangementer/panoramaseminaret-2025