Fristen for å søke opprykk til professor blir i år endra til 31.8. Endringa gjeld berre for 2019.
Bakgrunn for ny søknadsfrist
Kunnskapsdepartementet har fastsett endringar i Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger. Dei nye forskriftsreglane gjeld fastsetting av kriterium for utdanningsfagleg kompetanse og korleis denne skal dokumenterast. Endringane trer i kraft 1.9.19. Det er ikkje fastsett overgangsreglar.
Reglementsendringar ved UiB er under arbeid. Fastsetting av nye reglar vil tidlegast kunne skje i universitetsstyremøtet i august 2019. For at vurdering av opprykk skal kunne skje etter gjeldande reglar, er det vurdert som naudsynt å endre fristen for dette året.
I dette tilfellet vil innføring av nye kriterium og krav til dokumentasjon like i forkant av fristen 15.9. kunne få konsekvensar både for søkarane og for arbeidet i dei sakkunnige komiteane. På dette grunnlaget har rektor gitt si godkjenning til at fristen for å søke opprykk til professor for 2019 blir endra til 31.8.