Det er framleis ledige plassar på kurset i SurveyXact den 6. oktober. SurveyXact er programmet UiB brukar for utføring av spørjeundersøkingar, som til dømes medarbeidarundersøkingar og kursevaluering m.m.
Kursa gjev ei innføring i korleis spørjeskjema skal opprettast i SurveyXact, korleis spørjeskjema kan distribuerast, og korleis resultata kan hentast ut og analyserast. I desse kursa vil det vere særskilt fokus på analysering av resultat.
Tid: 6. oktober kl. 09–15.
Stad: Stein Rokkans hus (Nygårdsgaten 5), PC-rom 1211.
Med venleg helsing
Grete Birkenes
Førstekonsulent, HR-avdelinga
Universitet i Bergen
Alle UiB-tilsette har tilgang til SurveyXact igjennom Feide. Dersom du ynskjer å ta kurset, og ikkje har brukt SurveyXact før, er det ynskjeleg at du loggar deg på nokre dagar før kurset startar. Dette er for å aktivere din brukar, slik at det vert mogleg å gje deg tilgang til kursdatabasen.