Økonomisk støtteordning for kostnadar knytt til emne i elektiv periode

Fakultetet har oppretta ei støtteordning for emne i elektiv periode som har undervisningsopplegg som krev ressursar utover vanleg aktivitet. Eksempel kan vere studietur, leige av spesielt utstyr, kostnader knytt til opphald, innleidde instruktørar eller kjøp av inngangsbillettar. Eksempla er ikkje uttømmande. Støtteordninga for elektive emne disponerer 100 000 kroner årleg. Ein kan søke om opptil 2000 kroner per student per emne. Søknaden må innehalde eit reelt totalbudsjett, og fakultetet sin støttesum kan utgjere maksimalt 60 prosent av totalbudsjettet, resten må instituttet dekke.

Søknadsfrist for emne som går i januar 2027 er satt til 1. september 2026. Det er instituttet som er søkar. Søknadane vert handsama av fakultetet.

For meir informasjon eller spørsmål knytt til elektiv periode i medisinstudiet: Ta kontakt med Lovise Haugen Wiik på elektiv.med@uib.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *