Søk Erasmus+ tilsettmobilitet
Tilsette ved UiB kan søke om Erasmus+‑stipend for korte opplæringsopphald ved universitet, bedrifter eller organisasjonar i Europa. Opphaldet skal gi fagleg påfyll, nye idear og deling av god praksis.
Døme på aktivitetar: jobbskygging, workshop, seminar med aktiv deltaking eller staff training weeks. Reine fagkonferansar blir ikkje godkjent.
Praktisk informasjon:
- Opphald: minst 2 dagar, vanleg støtte for inntil 5 arbeidsdagar
- Søknad: godkjennast av leiar og sendast i Elements (saksnr. 2025/14971)
- Mobility Agreement må vere signert før avreise
- Maks to frå UiB kan få støtte til same aktivitet
- Du kan ikkje få støtte dersom du fekk Erasmus‑stipend hausten 2023 eller seinare
Søknadsfristar: 15. september og 1. februar
Stipendet består av dagssats + reisesats etter avstand. Det finst eigne satsar for grøn reise.
