Frå forskingsråd til krigsråd?

Skotta mellom sivil og militær forsking må brytast ned. Forskningsrådet vil frå 2026 opprette eit nytt portefølgjestyre (delvis sikkerheitsklarert) «for forsvarsevne, nasjonal sikkerheit og beredskap». Men all forsking kan vere relevant.

Påmelding: https://www.uib.no/vitdem/180031/fr%C3%A5-forskingsr%C3%A5d-til-krigsr%C3%A5d

Er denne militariseringa av forskinga ny? Kva med samspelet mellom det sivile og militære under den kalde krigen (t.d. atomforskinga)? 

Med bakgrunn i boka Det dolda universitetet. Militær forsking i kalla krigets Sverige innleier Per Lundin frå Chalmers tekniske høgskole om kor viktig militærforskinga var, sjølv om den var skjult og lite omdiskutert. Kanskje har det militær-industrielle-akademiske kompleks eksistert i heile etterkrigstida?   

Innan EU (og Horizon-programmet) blir den militære satsinga også framheva, men ikkje utan protestar. The League of European Research Universities (LERU) hevdar dette skjer utan debatt og bryt med reglane for akademisk fridom. Og kva med «fredsforskinga»?

Vera Schwach, frå NIFU kommenterer Per Lundin sitt innlegg med bakgrunn i pågåande forsking om sivile/militære relasjonar i Noreg.

Ordstyrar: Tor Halvorsen, UiB

05.11.2025 – 08.30–10.00 – Café Christie (Universitetsmuseet)

Pokomslag og portretter av Lundin og Schwach

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *