NFR Innspelsmøte Bergen – Samfunnsoppdrag: Inkludering av barn og unge

5 desember 2023 kl 10-13

Mange barn og unge slit med å bli inkluderte i samfunnet. Ein av ti unge mellom 15-29 år står utanfor utdanning, arbeid og opplæring. Dette har ikkje berre store konsekvensar for den enkelte, men også for samfunnet.

Ansvaret for å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv er fordelt over ei rekkje politikkområde, forvaltningsnivå og samfunnsaktørar. No mobiliserer regjeringa breitt for å forme ut eit målretta samfunnsoppdrag som skal føre til kunnskapsbasert politikk til det beste for barn og unge.

Forskingsrådet leiar ei operativ gruppe i dette arbeidet. Gruppa inviterer no til innspelsmøter. Alle som ønskjer å bidra med innspel til samfunnsoppdraget er velkomne til å delta.

I innspelsmøta blir det lagt til rette for diskusjon og idéutveksling, der det overordna målet er å redusere utanforskap blant barn og unge i Noreg. Både enkeltpersonar eller representantar for organisasjonar, verksemder, offentleg sektor, forsking osb. er velkomne til å delta.

https://www.forskningsradet.no/arrangementer/2023/innspillsmote-samfunnsoppdrag-inkludering-unge-bergen/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *