Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og Universitetet i Oslo har gleda av å invitere til Panoramaseminaret 2023 som finn stad 12. og 13. september i Oslo.
Panoramaseminaret tek for seg moglegheiter og utfordringar i akademisk samarbeid med landa som er omfatta av Panoramastrategien: Canada, Brasil, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA. Seminaret blir ein viktig møteplass for norske fagmiljø og institusjonar som samarbeidar med desse landa innan utdanning, forsking og næringsliv.
Den overordna tematikken for Panoramaseminaret 2023 er korleis geopolitiske endringar utfordrar rammene og føresetnadene for internasjonalt kunnskapssamarbeid.