Fokus for årets konferanse vil vera korleis pasientrapporterte data kan bidra til ei betre helseteneste. Programmet vil innehalda tema som korleis pasientrapporterte data kan nyttast i klinisk praksis, korleis dei kan endra klinisk praksis og korleis dei kan nyttast i helseøkonomiske analysar.
Årets hovedforelesar er Dr. Kate Absolom frå School of Medicine, University of Leeds, UK.
Konferansen er samordna med Digital helse-dager som vert arrangert av Alrek helseklynge, Helse Bergen og Høgskulen på Vestlandet 24.-25. mai 2023.
Vi gler oss til å sjå dykk i Bergen. Påmeldingsfrist 08. mai 2023. Lenke til påmelding. Konferansen er gratis.
https://www.kvalitetsregistre.no/artikkel/velkomen-til-prom-konferansen-23-mai-2023