Utlysing av Erasmus+ Mobilitet i verden 2018-19

Europakommisjonen og SIU har lyst ut Erasmus+ for 2018. Utlysinga opnar mellom anna for søknad om midlar til mobilitetstiltaket Erasmus+ International Credit Mobility (Mobilitet i verden). Dei viktigaste endringane i ordninga i årets utlysing i forhold til fjoråret er som følgjer:

  • Programmet opnar no for praksisplassmobilitet både til og frå partnarland
  • Stipendsats for studentar har gått opp frå 850€ til 900€
  • Stipendsats for tilsette (undervisning eller opplæring) har gått opp frå 160€ til 180€ per dag.

Prosess fram mot UiB-søknad

Det blir lagt opp til følgjande prosess fram mot innsending av søknad:

  • januar. Frist for institutta/fakulteta til å melde inn til SA i ephorte aktuelle landprosjekt som skal vere med i søknaden. Deltaking i søknaden må ha støtte frå institutt/fakultet.
  • januar kl. 13:00–14:30. Skrivestove i Møterommet, Internasjonalt Senter. Dette vil vere eit tilbod til dei som skal lage tekstane til landprosjekta.
  • januar. Frist for innlevering av tekstar til søknaden til SA.
  • februar. Frist for innsending av søknad.

For spørsmål angåande Erasmus+ Mobilitet i verden ber vi dykk ta kontakt med Helge Bjørlo på Studieadministrativ avdeling.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *