Feltstudie med probiotika i Tanzania: Lovande effekt mot multiresistente bakteriar

I denne rykande ferske artikkelen i Lancet Global Health presenterar vi funn fra ein randomisert placebokontrollert med utprøving av probiotika for nyfødte barn i Tanzania. I studien blei 2000 barn inkludert i løpet av 3 første levedøgn. Rundt halvparten blei født utanfor sjukehus, dei fleste heime i landsbyane, og blei rekruttert av eit forskningsassistentar som reiste rundt på motorsykkel. Vi fann ingen effekt av probiotika på primærendepunktet som var kompositt av innleggelse i sjukehus og død.

På bildet er prof Claus Klingenberg fra Tromsø, forskningssjukepleiar Rehema Bukhay (med babyen), og heilt til høyre dr Joshua Gidabayda og Bjørn.

Men studien visar at probiotika reduserer bærerskap av multiresistente (ESBL-produserande) Gram negative bakteriar i tarm, særleg hos dei som var født i sjukehus. Framtidige studiar trengs for å finne ut korleis probiotika eventuelt kan brukast i kampen mot antibiotikaresistente bakteriar.  Medforfattarar fra K2 er Iren Löhr, Sabrina Moyo, Nina Langeland og Bjørn Blomberg.

Helsing Bjørn

https://www.thelancet.com/journals/langlo/article/PIIS2214-109X(25)00064-6/fulltext

Motorsykkelteamet på vei til landsbyane.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *