26.mai kl. 10.00–11.30
Har du ein ny og spennande forskingsidé, men treng hjelp frå andre dyktige forskarar? Då kan ERC Synergy Grants vere noko for deg. Bli med på webinaret vårt for å lære meir.
ERC Synergy Grants lèt to til fire «principal investigators» (PIs) jobbe saman om eit prosjekt i opptil seks år.
ERC støttar innovative forskingsprosjekt. Av og til er utfordringane så store at ein treng å samarbeide med andre forskingsleiarar. Derfor finst Synergy Grants. Støtta er open for alle fagfelt og er for forskarar på ulike karrieresteg: Starting, Consolidator og Advanced. Ein av forskarane (PI) kan komme frå ein institusjon utanfor EU eller assosierte land.
Du kan søkje om opptil 10 millionar euro, med moglegheit for 4 millionar i tilleggsstøtte.
Du finn meir informasjon om SyG på ERC sine nettsider.
https://www.forskningsradet.no/arrangementer/2025/webinar-om-erc-synergy-grant-2026/