9. jan. 2025 kl. 09.00–10.00 digitalt
Påmeldingsfrist: Onsdag 8. januar 2024 kl. 15.00
NFR fekk ti nye porteføljestyre ved starten av 2024, som har arbeidd med nye porteføljeplanar og inviterer til å gi innspel på utkast til porteføljeplan for helse.
Porteføljeplanane er styringsdokument som skal bidra til føreseielegheit for både søkjarar og finansierande departement. Dei er korte og overordna, og blir konkretiserte i ein investeringsplan som blir oppdatert årleg.
I møtet vil vi gjennomgå mål, prioriteringar og tiltak i utkastet til porteføljeplan. Måla følgjer opp Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, regjeringa sine mål for Forskingsrådet og strategien vår. Dei viser korleis porteføljestyra, kvar for seg og samla, skal setje i verk desse måla. Prioriteringar og tiltak viser korleis porteføljestyret vil prioritere innanfor handlingsrommet sitt.
Deltakarane vil få høve til å gi innspel på planane i møtet. Vi legg ut utkast til plan om lag ei veke før møtet byrjar.
Planen blir lagt fram for Forskingsrådets styre 6. februar 2025.
Les på nettside vår om Portefølje for helse
https://www.forskningsradet.no/arrangementer/2025/innspelsmote-portefoljeplan-helse/