Forskingsdag på Kvinneklinikken 26. mars

26. mars arrangerer KK, i samarbeid med UiB, sin eigen forskingsdag. Fødselshjelp og kvinnesjukdommar engasjerer bredt og vi ønskjer å fortelje alle interesserte om kva vi forskar på, kvifor, kva resultata seier og korleis vi brukar ny kunnskap.

Vi kan lokke med nokon av landets dyktigaste kvinnehelseforskarar, og tør påstå at du ikkje bør gå glipp av å høyre på dei spennande og aktuelle debattantane i panelet vi jobbar med å setje saman.

Første halvdel av programmet vil vere retta mot fagmiljø og andre forskarar (kl. 14-16). Andre halvdel av arrangementet er ope for alle med korte publikumsvennlege presentasjonar, før vi avsluttar med paneldebatt om forsking og kvinnehelse (kl. 17-19).

K2 sine involverte forskningsgrupper på KK (Line Bjørge, Cathrine Ebbing og Camilla Krakstad) er hjarteleg til stade og viser fram si forskning.

Tid: kl. 14.00–19.00 (mingling & mat kl. 16.00–17.00)

Stad: Auditoriet, 4. et. Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus

Det blir enkel servering

Meir utfyllande program kjem snart, men du kan allereie melde deg på her meld deg på her

Vel møtt!

Beste helsing frå forskingsmiljøet på KK/UiB

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *