Helse Vests utdanningskonferanse 2019

Helse Vest ønskjer å fokusere på den svært viktige rolla utdanning speler for helseføretaka. Utdanning bidreg til behova for gode helsetenester i framtida og vi ønskjer å fremje det faglege nivået på utdanning av helsepersonell i regionen.

Tid og stad
Torsdag 21. november klokka 16:00 til fredag 22. november klokka 14:00 på Clarion Hotel Bergen Airport.

Konferansen startar med registrering og kaffi. Det er middag om kvelden med utdeling av den første utdanningsprisen i Helse Vest. Konferansen blir avslutta med lunsj frå 13-14 fredagen.

Temaet for konferansen
Kvalitet i høgare utdanning.

Målgruppe
Leiarar og tilsette som arbeider med utdanningsrelaterte spørsmål.

Program og mer info finner du her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.